sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2002-07-26
Frekt laksetjuveri i Bondalselva
Utstyrt med kraftig påhengsmotor og tre garn var tjuvfiskarar innom Bondalselva natt til i går. Etter ti minutt forsvann dei med fulle garn. Lensmannen i Ørsta etterlyser no båten, skriver Sunnmørsposten i dag
-Utruleg frekt og profesjonelt gjennomført, er kommentaren frå Egil Rustad ved lensmannskontoret i Ørsta. Det var i tolv-tida natt til i går at tjuvfiskarane vart observert i osen til Bondalselva. Utstyrt med ein 18-fots båt, truleg ein Mørebas, la dei seg til rette i osen med tre garn. Båten var lett gjenkjenneleg, grunna ein svært stor påhengsmotor i 150 hk-klassen, og ein skjerm forut. Han hadde og styrekonsoll og ein mindre hjelpemotor, truleg meint for dorging. Bondalselva har vore stengt for fiske ei tid, grunna låg vassføring. Difor var mykje blankfisk samla i osen, medan dei freista å kome seg lenger opp i elva. Det visste truleg tjuvane. For på ti minutt hadde dei rett og slett sopa meir enn tjue blankfisk opp i båten, med hjelp av tre garn i lenke. Mellom desse var og ei rekkje større laks.

- Det er tydeleg at desse karane visste kva dei dreiv med. Det forundrar meg ikkje om dei har vore ute på liknande tokt tidlegare, seier Rustad.

Han håpar at dei gode observasjonane av båten kan føre til tips frå publikum. Etter endt ugjerning forsvann laksepiratane i stor fart mot Sæbøneset, truleg med kurs mot ytre strok. - Det er ei alvorleg sak, særskild fordi dei har handla på ein så kynisk måte. Truleg har dei visst om at det ville samle seg mykje fisk her når elva låg så lavt, og utnytta det effektivt, seier Rustad.
Han trur det vil bli reagert svært hardt om politiet får fatt i kjeltringane.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 1 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS