sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2006-11-13
Gratis fisketur kan gi deg skattesmell!
Gratis fisketur kan gi deg skattesmell!
En invitasjon til fiske i Finnmark kan gi deg en skikkelig skattesmell.
Dersom du vert invitert med på ein gratis fisketur av din eigen arbeidsgjevar eller som kunde av eit anna selskap, kan dette bli oppfatta som løn eller ytringar som du skal betale skatt for. Fiskeguiden har bedt skattemyndighetene om ei kort utgreiing om kva slags skattereglar som gjeld i slike høve.
Leif Arne Nordheim ved Fylkesskattekontoret i Sogn og fjordane svarar at regelverket skil mellom tiltak retta mot kundar/forretningsforbindelsar og mot tilsette/personar med tilknyting til selskapet.

Representasjon

Ytingar retta mot kundar m.m. vert kalla representasjon. Selskapet vil ikkje ha rett til frådrag for utgifter til representasjon. Dette følgjer av skattelova § 6-21. Unntaksvis kan det på visse vilkår innrømmast frådrag for eit sparsomt måltid. Dersom kunde/forretningsforbindelse vert påspandert fisketur der alle kostnader vert dekka av selskapet, er det altså ikkje rett til frådrag for nokon del av kostnaden. For den som mottek denne ytinga kan det likevel vera snakk om skattlegging av denne fordelen som t.d. løn, utbyte eller som fordel vunnet ved verksemd.

Ytingar til dei som har tilknytning til selskapet

Dersom tiltaket er retta mot personar som har tilknyting til selskapet (eigar, tilsett, styremedlem, aksjonær, vald revisor), kan vi få ulike løysingar: løn, velferdstiltak, sosiale kostnader, utbyte m.m.. Bortsett frå når ytinga det vert rekna som utbyte, vil selskapet vil ha rett til frådrag for utgiftene, men selskapet må samstundes syta for at dei personar som mottek ytinga, vert rett handsama skattemessig sett.

Tilsett som får dekka alt

For tilsett som deltek på fisketur og får dekka alt, vil dette bli rekna som løn (naturalia vert rekna som løn) og selskapet må svara arbeidsgjevaravgift og innberetta fordelen som skattepliktig naturalyting. Dersom tiltaket kan reknast som ”rimeleg velferdstiltak”, kan det likevel vera unnateke skatteplikt. For at tiltaket skal vera skattefritt må alle følgjande vilkår vera oppfylte: 1) tiltaket må kunna reknast som velferdstiltak etter skattelova (dvs. tiltaket må vera retta mot tilsette i verksemda og ha som siktemål å auka trivselen og samkjensla på arbeidsplassen. Såleis vil det som oftast vera aktuelt med fellesarrangement.), 2) ytinga må vera ei naturalyting, 3) tiltaket må vera rimeleg og 4) tiltaket må vera for alle eller for ei vesentleg gruppe av dei tilsette i verksemda.
Når ein skal vurdere om tiltaket er ”rimeleg”, må ein m.a leggja vekt på om tiltaket er vanleg i arbeidslivet, verdien av tiltaket og om summen av samla velferdstiltak som tilflyt ein tilsett i løpet av året er av mindre økonomisk verdi.

Dersom ytinga vert avgrensa til kjøp av fiskerett, heiter det i Lignings-ABC 2005 side 1298 pkt. 2.11:

” Arbeidsgivers kjøp av rett til jakt eller fiske til bruk ved fellesarrangement for de ansatte, er et velferdstiltak. Det må vurderes konkret om tiltaket kan anses som rimelig, se ovenfor. Er velferdstiltaket ikke rimelig, skal den ansattes fordel som hovedregel settes til normal omsetningsverdi for retten, eventuelt etter en forholdsmessig fordeling mellom deltakerne.”

Aktuelt regelverk finn ein elles i:

- skattelova § 6-21
- skattedirektoratet si forskrift av 22.11.99 til skattelova § 6-21
- Lignings-ABC 2005 om ”Representasjon
” - Lignings-ABC 2005 om ”Velferdstiltak i arbeidsforhold”.



Foto:Eivind Fossheim
<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 2 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS