sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2008-09-08
Brislingfiskere tok livet av store mengder storsei
Brislingfiskere tok livet av store mengder storsei
Trond Lønning med en av de mange døde storseiene som ble pukket opp ffra Sognefjorden lørdag.Foto Eirik Thue
I løpet av en liten time plukka Trond Lønning (bilde)opp et tyvetalls storsei i Sognefjorden utenfor Balestrand lørdag. Den største veide 13 kilo. Snitvekta lå på 6 kilo. Han kunne fylt båten med fisk til ripa, sier han til Sogn Avis i dag. - Det er vi som har skylden, sier en brislingfisker, og beklager at de får med seg så mye storsei i brislingnota som dør når en trekkes opp sammen med brislingen fra dypet. Foto: Eirik Thue, Sogn Avis.
– Eg hadde jubla høgt om eg fekk ein fisk av denne storleiken på stong. Så skal me oppleva at store båtar kjem inn og tek livet av så store mengder med fisk utan å nytta det til noko som helst. Det er ein skandale, seier Lønning til Sogn Avis.

Lønning var ikkje den einaste som plukka daud fisk opp av fjorden laurdag. Fleire hobbyfiskarar fekk uvanleg lett tilgang til råvarene. Langs med fjorden låg det tett med fisk. Ein hytteeigar Sogn Avis var i kontakt med fortel at dei tyske feriegjestene plukka fisk frå fjorden i høgt tempo, og brukte laurdagen til å fillitera storsei.
– Dei har feriert her i 10 år, og har aldri opplevd noko likande. Så dette ferieminnet sit nok lenge i, seier Ragnar Urtegård Thue, som leiger ut hytter på Stokkabø.

Beklagar



– Me lyste etter brisling natt til laurdag, og då me tok opp nota var det sei i lag med brislingen. Me har ikkje sjanse til å sjå at me tek sei i kasta. Når me tek nota opp frå djupet flotnar seien opp og døyr. Det som skjedde beklagar me. Det var eit uhell, seier ein av brislingfiskarane på båten «Vestbris». Han nekta å oppgi namnet sitt til Sogn Avis. Men var likevel raus med å svara på spørsmål. Fleire båtar var i aksjon i bassenget i Midtre Sogn med kraftige lyskastarar natt til laurdag. Det at sei rotar seg inn i nøtene er ikkje kvardagskost, ifølgje brislingfiskaren.

– Eg har fiska her inne i fjorden i 30 år, og har aldri opplevd likande før. Me plukka opp ein del av seien sjølv. Men det kan vera at andre båtar også opplevde det same. Me er 10-12 bruk som er på brislingfiske her i fjorden for tida, seier han til Sogn Avis.



Eirik Thue, Sogn Avis
<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS