sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2001-01-03
Lærdalselva åpnes for laks- og sjøørretfiske!
Lærdalselva blir trolig åpnet for et laks- og sjøørretfiske av et visst omfang til sommeren. Det foreslår fiskeforvalter Eyvin Sølsnæs i Sogn og Fjordane.Fisketiden blir fra 1.juni til 31.august.
Kongen
Lærdalselva har vært fredet siden gyrodactylus salaris-parasitten inntok elva i 1997. Sølsnæs forventer likevel et visst innsig av smålaks og noe mellomlaks, på bakgrunn av all smolten som gikk ut i fjor og forfjor.
Med bakgrunn i gyte- og ungfiskregistreringene og data fra fisketelleren, ser han det som forsvarlig å opne for sjøørretfiske i et visst omfang kommende sesong.
Ved siden av å ta opp noe stamfisk til genbanken, er forvaltningen interessert i, av hensyn til smittefaren over mot andre elver, at mest mulig av laksen blir fisket opp.
Sølsnæs vil drøfte rammene for fisket med den lokale gruppa i Lærdal. Det må organiseres et desinfiseringsopplegg og en tilfredsstillende registrering og kontroll.

Her er forslaget!
Fiskeguiden gjengir her hele redegjørelsen fra fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal i Sogn og Fjordane om forslaget til endringer for laks- og sjøørretfiske som nå går ut til høring:

Døgnkvote på 5 laks
Etter ei ny vurdering foreslår vi å endre den generelle fisketida til tidsrommet 15. juni – 31. august (§ 1 i forskrifta). Dei fleste viktige laksevassdraga vert framleis omfatta av særreglar (§ 2 i forskrifta), men regelendringa opnar for ei viss forenkling ved at vi kan fjerne særreglane for vassdrag som i dag har fastsett tilsvarande fisketid som den foreslåtte nye hovudregelen. Vi understrekar at endringa får mest å seie for sjøaurefisket og vil ha heilt marginal effekt på den samla laksefangsten, og vi meiner dermed at dette ikkje skal påverke den etterkvart aksepterte byrdefordelinga mellom laksefisket i elv og sjø.
Etter at døgnkvoter har vore praktisert i nokre vassdrag og er aksepterte av fiskarane, foreslår vi at det vert fastsett ein generell regel om fangstkvote på fem laksar per fiskar per døgn. Denne regelen vert gjeldande for alle elvar som er opna for laksefiske og som ikkje står oppført med eigne definerte kvotar i forskrifta.

Sjøørretfiske etter laks!
På møtet med Samarbeidsrådet for laks og sjøaure i Sogn og Fjordane vart det opplyst at det skal vere fiska bevisst med tungt lakseutstyr etter laks i elvar som berre var opna for sjøaurefiske.
Vi understrekar at det er eit lokalt forvaltningsansvar å sikre at fisket skjer i tråd med intensjonane i forskrifta. På bakgrunn av dette ber vi om at det vert vurdert lokale tiltak for å redusere bifangsten av laks i elvar som berre vert opna for sjøaurefiske. Vi vil ha tilbakemelding innan høyringsfristen.

Fredningssoner
Fylkesmannen vurderer å ta reglane om fredingssoner ved laksetrappene i fylket inn i fiskeforskrifta, men gjeldande fredingssoner vert ikkje vert endra. Dette vil forenkle regelverket ved at 15-20 enkeltforskrifter kan opphevast.

Nærøydalselva
Nærøydalselva har vore freda dei siste tre sesongane. Gyte- og ungfiskeregistreringane viser at bestandane har utvikla seg positivt, men også at responsen på ungfiskproduksjonen av laks tek tid.
Elveeigarlaget har muntleg meld at dei ønskjer å opne for fiske kommande sesong, og at dei i samband med sluttføringa av driftsplanen vil utarbeide lokale reglar som skal sikre eit mindre fangstuttak enn før fredinga. Føresett at det vert organisert eit tilfredsstillande lokalt regelverk og oppsyn, vil vi foreslå eit fiske etter sjøaure inntil to månader frå tidlegast 1. juli.

Nausta
Lærdalselva
Lærdalselva har vore freda sidan 1997-sesongen på grunn av infeksjonen av Gyrodactylus salaris. Vi ventar eit innsig av smålaks og noko mellomlaks, på bakgrunn av smoltårgangane 2000 og 1999. Med unntak av uttak av noko stamlaks som skal sikre materialet i genbanken, er det utifrå smitteomsyn eit mål at mest mogleg av laksen vert fiska opp. Utifrå gyte- og ungfiskregistreringane og data frå fisketeljaren som kartla fiskeoppgangen i år, vurderer vi det som forsvarleg å opne for sjøaurefiske av eit visst omfang kommande sesong. Vi vil diskutere rammene for fisket med den lokale gruppa i Lærdal. Det må organiserast eit desinfiseringsopplegg, som distriktsveterinæren endeleg skal klarere. Det må også organiserast ei tilfredsstillande registrering og kontroll.

Årøyelva
Fiskesperra utanfor kraftverkskanalen i Årøyelva er vedteke fjerna. Når sperra er fjerna vil vi fjerne regelen om fiskeforbod øvst i elva. Dersom sperra likevel ikkje er fjerna innan kommande fiskesesong, vil vi evaluere, og eventuelt utvide, den gjeldande fiskeforbodssona.

Vetlefjordelva
Vetlefjordelva har vore stengd for fiske frå 1993-sesongen, med unntak av at det var organisert eit prøvesportsfiske i 1996 og 1997. Ungfiskgranskinga i haust viser det framleis er låg ungfisktettleik i elva, men gytefiskkartlegginga viser at mengda gytefisk no ikkje er avgrensande for produksjonen av sjøaure. I samband med eit eventuelt fiske bør det takast skjelprøver og registrerast dybdedata av fangstane slik som i 1996 og 1997. Det mellombelse manøvreringsreglementet for kraftverket i elva skal evaluerast i 2004, og da skal det i tillegg til effektar på produksjonstilhøva i elva fokuserast på fiskeoppgangen og fisket. På grunn av dette er det ønskeleg at fisket skjer over ein viss periode, og vi foreslår fiskesesong frå 1. juli til 15. september og at det vert fastsett ei sesongkvote.

Eidselva
Eid sportsfiskarlag forelslår i brevet av 06.12.2000 å auke laksesesongen med to veker og redusere sjøauresesongen i Eidselva tilsvarande, slik at fisketida vert lik for begge artane (1. juni til 31. august). Argumenta er at septemberfisket etter sjøaure medfører ein del gjenutsetjing av villaks, at aurefisket kulminerer i august og at eit laksefiske dei siste dagane av august i stor grad berre vil beskatte små hannlaks. Det ser dermed ut til at utvidinga av sjøaurefisket før 1999-sesongen ikkje har fungert etter intensjonen, og vi foreslår at fisket igjen bør avsluttast 31. august. Ramma for laksesesongen i Eidselva er 2,5 månader, slik at ei eventuell forskyving av sluttdatoen for laksefisket vil føre til ei tilsvarande forskyving av sesongstarten. Dersom det er ønske om dette lokalt, er vi opne for innspel i høyringa.

Behov for betre innsamlingsrutiner for fangststatistikk
Fylkesmannen har i år, som tidlegare, gjennomført to skriftlege purringar og i tillegg ein omfattande telefonrunde for å få samla inn alle fangstrapportane. Vi klarte dermed ikkje å få oversend statistikken til Statistisk sentralbyrå innan den fastsette fristen. I vassdrag med god organisering skjer innsamlinga lokalt og vert oversend samla til fylkesmannen. Denne modellen ønskjer vi å innføre for alle lakse- og sjøaurevassdraga i statistikken. I uorganiserte elvar må fiskerettshavarane verte samde om ein måte å gjere dette på, og peike ut ein person som ansvarleg for innsamlinga og oversendinga til fylkesmannen. Interne fristar må respekterast slik at materialet kan sendast samla til fylkesmannen innan ein månad etter at fisket er avslutta.



Bildet nederst: Nausta var den beste lakselva i Sogn og Fjordane sist sommer
(Foto: Eivind Fossheim)
<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS