sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2009-10-19
Lakseeventyret i Sunnmørs-elvene
På 70-tallet sto folk skulder mot skulder i kø og fisket laks i Bondalselva. Hver gang noen fikk fisk på kroken, måtte alle, som på et signal, løfte sine bamsstenger fra elva så fiskeren fikk løpe nedover og lande laksen på en roligere plass. Rundt 40.000 laks ble årlig landet i de 39 elver Sunnmørselvene, og eksperter klødde seg i hodet og kunne ikke fatte at det var så mye fisk i de små elvene. Journalist Svein Aam, med fiskeri og havbruk som spesialfelt i Sunnmørsposten og NRK har skevet bok om dette lakseeventyret, samtidig som han prøver å gi svar på det brennende dagsaktuelle spørsmålet om hva som har skjedd med villaksen. Den negative effekten ved oppdrettsnæringen er undervurdert, fastslår han. Foto fra Bondalselva: Eivind Fossheim.

Lakseeventyret som forsvann


Elvane på Sunnmøre var dei mest fiskerike i landet. No kjem boka om lakseeventyret, og det som skjedde etterpå. Forfattar Svein Aam er journalist i Sunnmørsposten med fiskeri og havbruk som spesialfelt. Boka gir eit historisk og levande tilbakeblikk på eit makelaust laksefiskeri, fortalt av dei som stod med vadarane midt opp i det. Samstundes prøver forfattaren å få svar på eit dagsaktuelt spørsmål: For kva har skjedd med villaksen?

Snobbefisket ble en folkesport

- Bondalselva og Ørstaelva var mellom dei aller beste lakseelvane i Norge. Her vart snobbesporten laksefiske den nye folkesporten. Historia om dei fiskerike smålakselvane er også historia om den triste lagnaden til villaksen. Eg vil vise kva vi hadde, og kva vi har mist, og spør kvifor det har gått som det har gått, seier Svein Aam.
Aam er oppvaksen i Ørsta og fekk sin første laks i Bondalselva som 12-åring. Sidan har han ikkje klart å bli kurert frå laksefeberen.

Oppstyr, krangel og glede

- Laksen har vore ei eineståande kjelde til oppstyr, krangel og glede. Samstundes er vern av villaksen ei av dei mest diskuterte miljøsakene i Norge over fleire tiår. Eg har prøvd å skrive ei underhaldande, men også tankevekkjande bok. Og etter den elendige laksesesongen i år, og problem med lus og rømt fisk i haust, er stoffet meir aktuelt enn nokon gong, seier Svein Aam.
I gullåra på 70-talet vart det årleg fiska rundt 40.000 laksar i 39 elvar i på Sunnmøre. Det meste var smålaks, eller pjakk som dei seier lokalt. Nesten halvparten vart tatt i Bondalselva og Ørstaelva. Ekspertar klødde seg i hovudet og kunne ikkje fatte at det var så mykje fisk i dei små elvane.

Drivgarnafisket

Så snudde det, brått og brutalt. Formannen i Ørsta Jeger og Fiskarforeining, Rasmus Ørstavik, var tidleg ute med å peike på årsaka til tilbakegangen. Han ville stanse drivgarnsfisket og sette på slutten av 70-talet i gang ein landsomfattande aksjon der det var trua med stans i kultiveringa av elvane.
På 80-talet tok drivgarnstriden av for fullt.
- Saklegheitsnivået var ikkje spesielt imponerande, verken på den eine eller andre sida, seier Svein Aam, som har gått gjennom eit utal avisutklipp frå striden. Det enda med det bitraste nederlaget nokon gong for det mektige Norges Fiskarlag.

Politisk spel

Då drivgarna var vekke kom den raske veksten i oppdrettsnæringa, ei næring som fekk fødselshjelp frå laksefiskarane. Boka fortel mellom anna om spelet som førte til at det største fjordsystemet på Sunnmøre- Storfjorden/Hjørundfjorden- ikkje var nasjonal laksefjord.

Dei negative effektene av oppdrettsnæringa har vært undervurdert

- Eg har følgt framveksten av havbruksnæringa sidan 80-talet, som journalist i NRK og Sunnmørsposten. I boka viser eg at dei negative effektane av oppdrettsnæringa har vore undervurdert, og til tider bagatellisert, av fiskeristyresmaktene. Drivgarna var ein gaukunge, men oppdrettsnæringa er ein gullunge, og gullungar får det som regel som dei vil, seier Svein Aam.
Laksefiskarane som er intervjua er ikkje tvil om kva som er hovudproblemet for villaksbestandane i dag:
- Dersom vi finn eit råd mot lakselusa, så kjem laksen att, seier Reidar Pilskog (80)
Boka kjem ut på Spor Forlag i Ulsteinvik, og er rikt illustrert. Det er ei bok for ikkje berre sunnmøringar, men som alle laksefiskarar vil ha glede av, meiner Fiskeguiden. Boka kan tingast ved å sende ein mail til: post@sporforlag.no. Du finn meir informasjon på www.sporforlag.no.
Lakseeventyret




<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS