sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2012-11-02
Bolstadelva vert likevel ikkje opna for laksefiske
Bolstadelva vert likevel ikkje opna for laksefiske
Tredjegangsgyter fra de glade 1960-årene i Vosso. Foto: Eivind Fossheim
Bolstadelva Grunneigarlag har i møte med fiskeforvaltninga fått melding om at Bolstadelva ikkje vil bli opna for eit ordinært fiske neste sommar, skriv Knut Horvei i ein epost til Fiskeguiden.no i kveld.
Istaden vil elva bli opna for eit forskningsfiske der målet er å samle inn snutemerke frå merka laks. Korleis dette fiske vil bli organisert er for tidleg å seie noko om, men det vert lagt ut ny informasjon på vår heimeside når dette er klart, skriv Horvei,
Forvaltninga begrunnar denne avgjerda med at innsiget av laks har vore mindre i år enn venta, og gjenfangsten under prøvefiske er dominert i hovedsak av ein årsklasse. Forvaltninga ynskjer difor meir kunnskap om utviklinga til bestanden før det blir aktuelt å beskatte denne gjennom eit ordinært sportsfiske.
Han beklager at det ikkje vert noko ordinært fiske, slik grunneigarane hadde rekna med.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS