sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2014-06-07
Miljøkrava skjerpast i 50 prioriterte laks- og aurevassdrag
Miljøkrava skjerpast i 50 prioriterte laks- og aurevassdrag
Jølstra er av dei vassdraga der miljøkrava skal skjerpast. Det kan bety et avslag til den aktuelle ktaftutbygginga, meiner Fiskeguiden.no. Foto: Eivind Fossheim.
Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner vassføringa må aukast i elvane for å få nettopp meir fisk, betre landskap og friluftsliv. Av 187 vassdrag som er analyserte, er 50 av dei peikte ut som topprioriterte. Av dei nemner vi Ogna, Åna-Sira, Seljordvassdraget, Otravassdraget, Tysso, Maurangervassdraget, Åskåravassdraget, Aurlandsvassdraget, Jølstra, Jostedøla, Surnavassdraget og Tafjordvassdraget. Her skal miljøkrava skjerpast.

Katastrofal nedtapping av vassføringa i Surna.

For første gong sidan EUs vassdirektiv blei innført i Noreg i 2006, får det konsekvensar i Noreg. Direktivet, som gir rammar for fastsetjing av miljømål som skal sikre berekraftig bruk av ressursar i vassdraga, blir no analysert over heile Noreg, skriv Dagens Næringsliv. Det er i fylkeskommunane arbeidet blir gjort, etter innspel frå dei ulike kommunane og lokale turistforeiningar. Energi Norge, NHO-foreininga som representerer kraftselskapa som står for 99 prosent av kraftproduksjonen i her i landet, ropar varsku på grunn av at reduseringa i vasskraftverka vil ta til på same tid som både Noreg og Sverige skal byggje ut fornybar energi, for å nå måla om fornybar produksjon som er avtalt med EU.

50 vassdrag er topprioriterte

Av 187 vassdrag som er analyserte, er 50 av dei peikte ut som topprioriterte. Nokre av elvane som blir prioriterte er mellom fleire Ogna, Åna-Sira, Seljordvassdraget, Otravassdraget, Tysso, Maurangervassdraget, Åskåravassdraget, Aurlandsvassdraget, Jølstra, Jostedøla, Surnavassdraget og Tafjordvassdraget.

Vassføringa må aukast

Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner vassføringa må aukast i elvane for å få nettopp meir fisk, betre landskap og friluftsliv. Dei to organisasjonane meiner også at miljøgevinsten ved å auke vassmengda i elvane tel meir enn krafttapet.

Mange av konsesjonane ville ikkje bligtt gitt i dag

Oddvin Lund, fagsjef for naturforvaltning i Den Norske Turistforening, har lita forståing for argumenta Energi Norge kjem med.
– Alle bransjar må tilpasse seg miljøkrav i dag. Alle kan rekna med store tap som følgje av slike krav. Her er det snakk om gamle konsesjonar som blei gitt for fleire tiår sidan då det ikkje fanst miljøkrav, seier han til DN. Han meiner også at dei same konsesjonane ikkje ville bli gitt i dag.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS