sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2014-06-13
Klart for fiskefesten med Norges dyreste premie!
Klart for fiskefesten med Norges dyreste premie!
Jølstravatnet sett fra Lundebreen. Foto: Eivind Fossheim.
- Fisk på kvart kast! Fem aurer på ein halvtime.
Forventningane er skyhøge hos dei 700 fiskarane som vil vinne bilen til 620 000 kroner etter dei meir eller mindre truverdige oppslag i lokalavisa og skryt frå folk som er velkjende for sine gode fiskeskrøner. Aldri har jølstra-auren sitt liv hengd i ein så tynn tråd som frå klokka 12 til klokka 15 i dag på det milelange strekket øst i Jølstravatnet. Og er auren i betet, vil stimen av toppgira fiskarar dra opp meir aure enn det som til vanleg vert teken på stong i ein heil sesong!

Klarer vi å halde oss til kasteretninga?

Arrangementet av den første bilfisketevinga i Jølstravatnet i 1958 gjekk smertefritt, men så brukte dei også lange bambustenger den gongen. Meir spenning kan det bli nå. Med dei moderne langtkastande stenger kan det gå heilt i ball for dei uøvde og ikkje heilt kan styre kasteretninga og problema med å ta inn stor fisk. Her kan det gå riktig gale om dei ikkje tek omsyn både til høgre og venstre! Her må alle ta utfordirnga med eit smil.
Går du inn på sida om Jølster Aurefiskefest, vil du skjøne at dette er årets happening for fiskegalne folk, og vi kryssar fingrane for at det skal lukkast å dra i land både fisken og festen. Med godvær i vente vert det ei sein natt på Skei Hotell og i hyttene når spenninga er utløyst. Skitt fiske!



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 1 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS