sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2017-08-19
Duell med kjempelaks under Harefossen
Duell med kjempelaks under Harefossen
Rune Eide med storlaksen sin. Foto: Ola Kjell Loneland.
Rune Eide fra Førde landa onsdag ein laks på 16,1 kilo under Harefossen i Flekkeelva på ei fluge som var laga av Frode Andersen i Høyanger. Sjøl om det i 1912 vart tatt ein rugg på 32 kilo, er Frodes kjempelaks den største som er landa i denne elva på over 50 år.
– Storlaksen drog rett ut av hølen i Harefossen, og gjekk ned i Grunnehølen. Då måtte eg berre følge etter. Han prøvde også å gå vidare ned i Frauhølen, men då makta eg å halde han igjen, og etter omtrent 20 minutt så hadde eg laksen på land, seier Rune Eide til avisa Firda..
Vassføringa i Flekke- og Guddalsvassdraget var ifølge Eide heilt ideell under duellen onsdag kveld, og det tok ikkje lang tid før han hadde fylt kvoten på to laks. Den andre, som eg fekk først, vog 2 kilo, sier han.
Ola Kjell Loneland, som sel fiskekorta i Flekkeelva, stadfestar at det er lenge sidan det er teke så stor laks i vassdraget.
– Eg har ikkje høyrt om så stor laks sidan 1960-talet. Iallfall ikkje teke på fluge. Vi har sett nokre slike ruggar i samband med stamfisket seint på haustane. Men eg har ikkje fått rapportar på så stor fisk på lenge, lenge, seier Loneland som sjølv såg fisken som Rune Eide tok onsdag kveld.

Storlaksen på veg tlbake?

– Det var ein uvanleg flott fisk og var 119 centimeter lang. Og Eide fekk jo også ein laks på 15 kilo her i elva for nokre år sidan. Så han har verkeleg fått oppleve Flekkeelva på sitt beste, seier Loneland og trur storleiken på laksen kan vere på veg tilbake.
– Men vi vil nok ikkje oppleve slik fisk som det går historier om frå tidlegare tider. Her i Flekkeelva skal det visstnok i 1912 vere tatt laks på 32 kilo, og vi har høyrt historier om både 29 og 26 kilo. Og sjølv hugsar eg frå 1960-talet at det vart teke ein laks på litt over 17 kilo. Så den Eide fekk på onsdag er nok den største i vår tid, seier Loneland til Firda.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS