sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2017-08-22
Sportsfiskar frå Stord klar for prøve-VM i kveitefiske
Sportsfiskar frå Stord klar for prøve-VM i kveitefiske
Asmund Asheim fekk denne 60 kilo tunge Mallen i Spania i fjor. Han satsar på liknande storfisk i Kveite-VM neste veke.
Neste veke skal sportsfiskar Åsmund Aasheim frå Stord forsøke og danke ut tyskarar, franskmenn og nederlendarar i prøve-VM i kveitefiske med stang.
– Det var eigentleg ein kompis av meg som skulle delta, men så måtte han backe ut. og dermed fekk eg sjansen. Dette blir kjempegreier, seier den spente hobbyfiskaren til Stord24.

Prøve-VM

Det er riktig nok snakk om eit prøve-VM, men Aasheim fortel at det likefullt er stor prestisje i å slå dei andre deltakarane Frankrike, Tyskland og Nederland.
– Planen er at dei til neste år skal begynne med VM i kveitefiske, litt det same som VM i skreifiske som er ein stor happening i Lofoten. No skal me sjå korleis arrangementet bør arrangerast. Likevel så er dette ein happening som blir promotert ganske stort i Tyskland, Nederland og Frankrike. Me skal mellom anna ha med oss ein journalist i båten.
Prøve-VM vil gå føre seg på Sørøya utanfor Hammerfest, og deltakarane skal bu i Hasvik, der dei får dekka alt frå hotell og mat til båt og bensin. Det er fire lag med i tevlinga, med to deltakarar per lag.

Catch and release.

Konkurransen vil gå over fire dagar, og er ein såkalla catch and release-konkurranse. Difor er det om å gjere å få den lengste fisken og ikkje den tyngste, då målet er at kveitene skal målast medan dei er i sjøen, før dei blir sleppt laus.
– Når du får ein fisk så ringer du på radioen til ein sekretariatsbåt som kjem for å måle. Så legg ein saman centimeter på alle fiskane, og då er det dei fem lengste fiskane per dag som gjeld.
– Kva ambisjonar har du for konkurransen?
– Nei, det må jo vere å få ei kveite på over 100 kilo, eller rundt 190 cm. Det er jo draumen for alle. Men eg skal jo vere kjempenøgd med å få ei kveite på 30-40 kilo, seier stordabuen som til dagleg jobbar i Wärtsilä.
– Korleis kjennest det å få ein så stor fisk på kroken?
– Det er jo berre heilt vilt. No har eg ikkje fått noko på 100 kilo før, den største fisken eg har fått er ein europeisk malla på 60 kilo som eg fanga i Spania.
Hobbyfiskaren har etterkvart fått litt av ei merittliste når det gjeld fisking. Interessa har gått i arv.
– Eg trur denne fiskeinteressa er medfødt. Far min har jo alltid likt å fiske og far hans igjen var heilt lidenskapleg, seier Aasheim.
Sjølv om det er prøve-VM så går Aasheim for gull, og stiller gjerne opp i skikkeleg VM til neste år.
– Me skal gi gass og klara å vinne. Å kome på fjerde plass er jo ikkje noko gøy. Gir dette meirsmak må ein jo vurdere å hiva seg på til neste år.
Prøve-VM i kveitefiske byrjar på måndag ved Sørøya i Finnmark og varar i fire dagar.
– Eg gler meg som ein unge. Og så er eg veldig takknemleg for at kona mi lar meg dra. Dét er det veldig viktig at du får med, sier han til Stord24.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS