sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2017-09-05
- NVE har mista kontrollen over elvereguleringane!
- NVE har mista kontrollen over elvereguleringane!
Mark Brooks fotograferte den daude fisken måndag morgon. Han fortel at det låg tusenvis av daud yngel over alt.
Etter at eit forskerteam og alle gode krefter har brukt milioner av kroner på å bli kvitt lakseparasitten Gyrodactylus salaris og Lærdalselva nå kan friskmeldast, klarer kraftregulanten Østfold Energi å drepe ned tusenvis av laks- og sjøørretungar ved å kutte vannføringa langt under den lovlege grensa for å tjene noen skarve ekstra kroner på straumen sin. Med tabben i Lærdalselva fastslår Fiskeguiden.no at NVE og OED har mista kontrollen over vassdragsreguleringane her i landet og at dei ansvarlege må straffast for miljøkriminalitet.
Det var måndag morgon at folk langs elva oppdaga at i elva vart tappa ned langt under minstekravet på 10 kubikkmeter i sekundet. Tilbake låg det hopetals med daud fisk i ein av dei mest kjende og eksklusive lakseelvene i landet.
Det var fiskaren og jegeren Mark Brooks frå Lærdal som oppdaga at det låg tusenvis av daud yngel og at elva var kraftig nedtappa.
– Eg var grytidleg ute på hjortejakt og sat på post ved elvekanten. Medan eg sat der vart det brått stilt rundt meg. Elvesusen forsvann og store delar av elva vart tørrlagt, sier han til NRK. g kunne ikkje tru mine eigne auge. Det låg tusenvis av yngel og sprella på land, seier han til NRK.

Legg seg flat for kritikken

Det låge vassnivået i elva varte i nærare to timar og Østfold Energi legg seg no heilt flate etter tabben.
– Det som har skjedd er svært beklageleg. Vi korrigerte vassføringa så snart vi vart merksame på at vassføringa var under nivået, og vi jobbar no med å finn ut kva som var årsaka til denne droppen i vassføringa, seier Oddmund Kroken som er administrerande direktør i Østfold Energi.
– Elveeigarane fryktar no at fleire årskull med laks kan ha gått tapt?
– Ja, og det er trist. No veit vi ikkje omfanget av dette, men i morgon kjem vi til å ha eit møte med Lærdal kommune og eleveigarlaget for diskutere det som har skjedd og finne ut kva skadar som har forårsaka dette, seier Kroken.

NVE er oreintert

Østfold Energi varsla straks om nedtappinga av elva til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) slik dei er pålagt. Regiondirektør Brigt Samdal stadfestar at NVE er orientert om situasjonen.
– Vi forsøke no å skaffe seg oversikt over situasjonen. Vi kan førebels ikkje seie noko om kva vi gjer vidare med saka, seier Samdal.
Lærdal kommune er også orientert om den dramatiske hendinga og både i dag og i morgon er det varsla fleire møte mellom ulike partar i saka.

Var råka av parasitt i fleire år

Lærdalselvi i Sogn har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene, og har vore favorittelva til kong Harald.
Elva var i fleire år sperra for laksefiske etter funn av den frykta parasitten gyrodactylus salaris i 1996. Dei siste to åra har fisket i elva tatt seg opp att til gamalt nivå.
Den vakre elva gjev identitet og stolthet til folket som bur der og er livsnerven i ein heil kommune. Vatnet held liv i ei av Norges viktigaste fruktbygder og fiskarar kjem langvegsfrå for å få den berømte lærdalslaksen på kroken.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS