sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2004-07-29
Møkkabonde dreper laksyngelen i Nærøydalselva!
Konsekvensane av ureininga i Nærøydalselva måndag 12. juli då ein bonde på Voss slepte ut møk i vassdraget, er enno ikkje kjende, men fiskarar fryktar det verste, skriv Sogn Avis i dag.
Det er den minste yngelen som er vekke, ingen har sett spor etter den sidan utsleppet, seier laksefiskar Johnny Kaupang som leiger 2,6 kilometer av Nærøydalselva i sommar.

Dersom det skulle syne seg at den mindre yngelen har stroke med vil ikkje dette få synlege konsekvensar før om lag sju år, då den igjen ville ha søkt opp i elva for å gyta.

– Dersom heile årskullet er gått med, vil det gje alvorlege konsekvensar. Me som fiskar i vassdraget tenkjer langsiktig, og vonar at eit slikt utslepp aldri vil finne stad igjen, seier Kaupang.

Nærøydalselva har vore stengt for fiske i fem år på grunn av lite fisk, og dette er andre året elva er open att.

Det har vore mykje fisk så langt, og den større fisken klarte seg bra i dei nedre delane av elva. Dersom Nærøydalselva framleis skal vera ei attraktiv lakseelv kan ein ikkje ha slike utslepp, seier Kaupang og siktar til at det var eit utslepp i elva i fjor ?g.

Kontrollen med landbruksgjødslinga må bli betre!
– Det må verta ein betre internkontroll med gjødsling i landbruket, ulukker som dette må ikkje kunne hende, meiner Kaupang.

Utsleppet av møk frå ein bonde som gylla ved Haugsvik i Voss kommune vert etterforska som ei forureiningssak av lensmannskontoret på Voss, men dei er avhengige av å innhenta informasjon frå ulike ekspertar.

– Me ventar på ein uttale frå Landbrukskontoret før me kan gjera noko vidare, seier lensmannsbetjent Lars Fykse ved Voss lensmannskontor.

Det vart teke prøver av vasskvaliteten, både måndag kveld og tysdag morgon. – Vasskvaliteten vart skildra som tvilsam og inneheldt bakteriar, men var god att neste morgon. Utsleppet var akutt, og elva var forureina ei stund, seier Fykse.

– Denne saka vert ikkje handsama no, men til hausten vil me undersøkja konsekvensane av utsleppet i vassdraget i samband med den årlege kontrollen av parasitten Gyrodactylus salaris, seier Merete Farstad, førstekonsulent i miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Då vil tal på yngel verta registrert, og samanlikna med tal frå tidlegare år.

– Det er essensielt at skadeomfanget vert kartlagt denne sesongen. Neste år vil vera for seint, seier Johnny Kaupang til Sogn Avis idag.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 2 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS