sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2004-09-29
Strandaelva og Bondalselva foreslås vernet!
Fylkesutvalget i Møre og Romsdal har vedtatt med sju mot seks stemmer å gå inn for å verne Strandaelva, Bondalselva, i tillegg til delar av Storfjorden og Hjørundfjorden, melder NRK.
– Hadde dei sagt nei no, ville det ført til nedbygging av villaksen i Møre og Romsdal, og det trur eg ikkje politikarane ville hatt på seg å ha vore med på, seier styremedlem i Sunnmøre elveeigarlag, Ole Jørgen Sve til NRK Møre og Romsdal.
Styremedlem i Sunnmøre elveeigarlag, Ole Jørgen Sve, er svært provosert over oppdrettsnæringa som jobbar for å hindre at fleire fjordar blir verna.
I Møre og Romsdal er fire fjordar alt verna, medan det no er foreslått ytterlegare vernetiltak. Oppdrettarane meiner dette kan bety slutten for deira næring, og tap av mange arbeidsplassar. Sve synest dette er å overdrive.
– Dette er krisemaksimering på høgt plan, seier Sve, som er sikker på at det blir like mange oppdrettarar og konsesjonar sjølv om det blir meir vern.
Oppdrettarane fryktar tapte arbeidsplassar. I fjor fekk Halsafjorden, Sunndalsfjorden, Romsdals- og Ørstafjorden status som nasjonale laksefjordar. Oppdrettsnæringa meiner dette er meir enn nok, og synest Møre og Romsdal har tatt sin del av jobben med å verne villaksen.
Sve er sterkt usamd og viser til kommunar som til dømes Stranda og Rauma som profilerer seg som turistkommunar. – Det turisten er ikkje fødd som kjem til Møre og Romsdal for å sjå på ei oppdrettsmerd, seier Sve.
Derimot meiner han det er mange tusen som besøker elvane i løpet av eit år, og dei legg att pengar hos næringslivet i kommunane. -Men blir det ikkje litt feil å sette villaksen opp mot arbeidsplassane som oppdrettsnæringa skaper?spør NRK.
– Det vart lova 1500 arbeidsplassar i Storfjorden i oppdrettsnæringa for 20 år sidan. Eg skulle gjerne vore med på å telje høgt, seier Ole Jørgen Sve.
I intervjuet med NRK meiner han at oppdrettsnæringa er blitt svært effektiv og gir få arbeidsplassar i forhold til det villaksen kunne gitt dersom bestanden hadde fått ein sjanse til å ta seg opp.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS