sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2005-02-02
Endelig er lakserømming poitianmeldt!
Fiskeridirektoratet har meldt Alsaker-selskapet Sunnhordland Fjordbruk til politiet etter at ei fortøying rauk og kring 9000 laks rømde frå selskapet sitt anlegg ved Skånevikstranda, melder Bergens Tidende.
Styreleiar og eigar i Alsaker Fjordbruk, Gerhard Alsaker, stadfestar at dotter selskapet Sunnhordland Fjordbruk er meldt til politiet for brot på oppdrettslova.

Grunnen er at Fiskeridirektoratet meiner selskapet svikta sitt ansvar ved at fortøyinga ikkje heldt.

- Eg misser ikkje nattesøvnen av den grunn, seier Alsaker om at Fiskeridirektoratet gjer den rømde laksen til politisak.

Rømminga skjedde 28. august i fjor frå eit anlegg med cirka 100.000 snart slakteferdig laks. Etter at oppsamling og oppteljing var unnagjort rapportert Alsaker til styresmaktene at kring 9000 laks sjå ikkje kunne gjerast greie for.

Fiskeridirektoratet mottok 11 rapportar om rømt oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane i fjor. Rømminga frå Alsaker sitt anlegg er den einaste som er meldt til politiet, i fylgje seksjonsleiar Kari Morvik i Fiskeridirektoratet region vest.

Også organisasjonen Norske Lakseelver har meldt Alsaker-selskapet til politiet etter lakserømminga i haust.

Etne Elveeigarlag meiner laksen frå Alsaker sitt anlegg gjekk opp i den populære lakseelva og krev erstatning på 74.160 kroner frå Alsaker-selskapet for arbeidet med å fange oppdrettslaksen.

I oktober tok 92 personar frå elveeigarlaget opp 750 rømt oppdrettslaks i Etneelva.

Fiskeridirektoratet har tidlegare sagt til Bergens Tidende at det har mistanke om at den rømde oppdrettslaks som vart oppdaga i Sunnhordland i fjor haust kom frå fleire anlegg, og ikkje berre frå Alsaker-selskapet.

- Vi snakkar truleg om tre rømmingar, sa overingeniør Axel Anfinsen i Fiskeridirektoratet.
- Dette har vore den største rømminga på denne sida av tusenåret, sa fiskeforvaltar Atle Kambestad hos Fylkesmannen i Hordaland i november. Kambestad trudde at så mange som 30.000 laks kunne ha rømt.

Grunner til mistanken om fleire rømmingar er at det vart oppdaga laks av ulik storleik i elvane og sjøen, skriver Bergens Tidende.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 1 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS