sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2004-06-03
Det er deilig å være dansk i Norge!
Så måtte det altså ein danske til for å få første laksen på land i år. Kvart på sju tysdag morgon klarte Harald Moesgård (55) det ingen andre har klart så langt denne sesongen, å få ein oslaks på kroken. Fisken tok ei reke – preparert i rødbetsaft! – i fossen, og "fauk" nedover elva. Men Harald heldt hovudet kaldt og nervane under kontroll, og landa laksen 10 minuttar seinare. Verkeleg ein fin fisk var det – sølvblank, lusete junilaks. Måtte det berre koma mange slike framover, skriv Leif Juvik i Os og Fusaposten og til Fiskeguiden i dag.
Sjølv om laksefisket i Danmark ikkje nett er det beste, er Harald Moesgård ikkje nokon nybyrjar i faget. Harald, onkel til ikkje ukjente Peter, formann i Fiskeutvalet til Os Jakt- og Fiskelag, reiser årleg og fiskar laks ulike stader i verda, gjerne Alaska. Seinare i år skal han til Sørlandet for å fiska i Mandalselva. No er han i Os på fiskeferie, men reiser heim allereie i dag.
br> Du må nok invitera Harald attende ved eit seinare høve, Peter. Men sjekk at det er vatn i elvo før du ringer!

Treig start
Sesongstarten i Oselvo må elles seiast å ha vore av det treige slaget. Med steikande sol heile pinsen igjennom måtte det gå slik. Men første natta er første natta – det skjer nesten alltid noko – og jammen gjorde det det i år ?g. Så vidt eg veit er det ikkje landa fleire laksar, og kun få tertar og sjøaurar har late seg lura.

Små tynne ting
Vi må ha vatn – mykje vatn – for å få fart på fisket no. Fisken er klar – vi ser han nede ved Essoen.

Fram til så skjer er det små, tynne ting som tel. Tynt snøre, små krokar og floger er riktig medisin. Det er ikkje enkelt, men heller ikkje umogleg å lura til seg ein aure. Og som sagt i forrige veke – bruk nettene!

Noreg-Danmark 1-1
Fekk nett melding om at laks nr. 2 er på land. Steinar Lindborg, mannen som tok første i fjor, tok andre i år. Fisken blei tatt tysdag ettermiddag i Johnny-hølen og vog 4,5 kilo. Noreg har dermed utlikna til 1-1, skriv Leif Juvik ( leif.juvik@osogfusa.no) i Os og Fusaposten og til Fiskeguiden i dag. Her ventar dei og på regn og meir vatn!

Hyggelig plass!
Det er en slik fiskeplass som her ved Kvernhushølen med den flotte gapahuken de fleste av oss drømmer oss til dager og netter som nå. Dette er det gode liv, mener Fiskeguiden, som takker for den fiskefølsomme storyen fra Leif Juvik, og bildene som Brynjar Ulvatne har knipset av vår danske petri-bror Harald Moesgård, som tok første laksen i Kvernhushølen i Oselva tirsdag morgen kl.0645. Laksen veide 4,9 kilo.

Det er deilig å være dansk i Norge…



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 2 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS