sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2004-08-21
Vil legge hele Jølstra i rør!
Utbyggingskåte Per Storegjerde i Sunnfjord Energi har vært med på å ødelegge laksestammen i Jølstra. Er dømt til millionerstatning for å ha brutt reguleringsreglementet for kraftverket i Brulandsfossen. Nå er han på krigsstien igjen med et forslag om å legge resten av Jølstra, hele strekningen fra Jølstravatnet til Movatnet i rør! Storegjerde og gjengen hans må stoppes før han får ødelagt mer av naturen og livskvaliteten til jølstringene. Å ødelegge Jølstra på denne måten, vil jeg hevde er en miljøkriminell handling.
Eit godt samfunnsmessig prosjekt til fordel for både folk, miljø og fiske, påstår Storegjerde! Maken til frekt utspill i et forsøk på å ta jølstringene, lokalpolitikere og fagfolk på senga!

-Eit godt prosjekt både økonomisk og samfunnsmessig, seier administrerande direktør Per Storegjerde til Firda i dag, uten at avisa kommer med et eneste kritisk spørsmål eller lar andre syn komme til orde.

-Jølstravatnet er allereie regulert og Sunnfjord Energi tenkjer seg ei utbygging av elva i takt med tida, både teknisk og organisasjonsmessig. Med det meiner vi ei utbygging etter grunn- og fallrettseigarane sine interesser, og dessutan den samfunnsmessige interessa, seier Storegjerde.

-I Kjøsnesfjorden var det til dømes grunneigarane som tok initiativet og søkte hjelp hjå eit lokalt kraftselskap. For grunneigarane langs Jølstra kan ei utbygging åleine bli i tyngste laget. Ein tyngre aktør må inn, og sidan Sunnfjord Energi alt disponerer rundt ein tredjepart av fallrettane frå Movatnet til Jølstravatnet, er det naturleg at Sunnfjord Energi tek eit initiativ.
Dette er eit prosjekt der utrekningane viser svært god økonomi, seier han.

-Teknisk sett er det ei enkel affære som ikkje vil vise i terrenget i det heile. Nokre kilometer med tunnel frå Movatnet til Jølstravatnet, og eit kraftverk som ligg inne i fjellet, mest naturleg under Stakaldefossen der linjenett og andre tunge installasjonar allereie er komplette, seier Storegjerde som i samarbeid med grunneigarar og styresmakter vil ha ei utbygging som ivaretek både fiske og miljø.

-Ved å gå inn i Jølstravatnet med tunnel kan du ta ut den vassmengde som du ønskjer og ha full styring. Dette kan vere til fordel både for folk, miljø og fiske. Du kan unngå skadeflaumar og la vatnet renne i elva i dei periodar det bør renne der. Folk flest vil ikkje merke noko slag, bortsett frå at skadeflaumane forsvinn.

-Såleis er det ikkje snakk om å tørrleggje Jølstra, og heller ikkje øydeleggje for dei som alt har bygt småkraftverk i elva. Vi må finne fram til ein fornuftig måte å gjere dette på, i samarbeid med alle gode krefter, seier Storegjerde som minner om at det er brei politisk semje på Stortinget om innføring av «grøne sertifikat» som skal stimulere til større uttak av fornybar energi som eit slikt kraftverk vil gje, seier han.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 4 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS