sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2002-02-05
Nei til nye oppdrettskonsesjoner!
:– Lakselusa utgjer langt på veg skilnaden mellom gårsdagens sjø- og elvebaserte villaksfangst mot vår tids nesten totalt fråver av fangst, seier Jens Chr. Holst ved Havforskinga i Bergen til Sogn Avis
Forskarane Jens Chr. Holst og Harald Sægrov, som innleia på fylkeskommunen Sogn og Fjordane sin store laksekonferanse i går, er samde om at luselarver på rømmen er eitt av laksens store, og kanskje største, trugsmål. Dei er samde om at ytterlegare oppdrettsekspansjon er alt anna enn forsvarleg i lys av presset mot villaksen i dette fylket, og er alt anne enn imponerte over oppdrettsnæringas innsats mot den lakselusa dei sjølve produserer i millionopplag.

Har alle problema
Harald Sægrov frå Rådgjevande biologar A/S minner om at trugsmåla mot laksen i Sognefjorden er samansette. Dei har likevel det til felles at dei er menneskeskapte.
– Laksen i Sogn har alle dei problema den atlantiske laksen er hefta med, seier han.

Groteske proporsjonar
Og endå ein gong fekk interesserte tilhøyrarar høve til å høyra kva odds den truga villaksen har i den lange fjorden. Harald Sægrov presenterte pålitelege teljingar. Dei viser at omfanget av laks på innsig frå havet til sognefjordsystemet er under eitt tusen (725).

Desse må på ferda si inn munningen av verdas største fjord kryssa eit territorium omfattande varsamt rekna 4,5 millionar individ oppdrettslaks. Ein prosent på rømmen av desse tilsvarar 45.000 individ, eller meir enn 500 gonger fleire.

Kraftig lusepåslag
Jens Chr. Holst har forska lenge på lakselusa si utbreiing i Sognefjorden. I materialet sitt ser han at den utvandrande smolten frå elvar i Sogn er svært utsett.

– Luspåslaget er kraftig i dei ytre delane av fjorden, seier han. Folka ved Havforskinga har gjort testar som viser at larver på rømmen frå merdar i Gulen, breier seg over heile den vide inngangsporten til Sognefjorden på under fire døgn.

I år med lite smeltevatn til fjorden er lusepåslaget skremmande høgt, og mest lus er det lengst inne, i dette tilfelle ved Lavik.

– Lakselus er eit stort problem og spesielt for bestandar i indre fjordstrok, seier Jens Chr. Holst.

Lusa utgjer skilnaden
Forskaren meiner dei gamle fangsttala frå sognefjordsystemet, som i gode år kunne oppgå til meir enn 100.000 tonn villaks, langt på veg illustrerer lakselusas herjingar anno 2000.

– Me ser at ingen laksesmolt med meir enn ti lus på seg klarer overleva, seier han, og viser til påslag under naturlege tilhøve på mellom seks og over eitt hundre.

– Meiner du å seia at me med gamle dagars lusebestand kunne ha sett førekomstar av laks i fjorden på gamalt nivå?

– Ja, på bakgrunn av dei gode vilkåra for laksen sin oppvekst i havet siste åra, er det ikkje urimeleg å bruka eit slikt bilete, seier Jens Chr. Holst.



<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 3 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS