sportsfiske Laksefiske ørretfiske fluefiskelaks laks røye ørret sjøørret fluer fiskrer Eivind Fossheim

Fiskeguiden.no
Velkommen


Fiskeguiden - Siste:Fiskeguiden siste nyheter




Sportsfiske-Nytt fra Fiskeguiden.no
Publisert: 2006-01-26
Gaula til topps,Namsen og Tana delar sølvet
Gaula vart kongen blant lakseelvane i 2005, med ein fangst på 37,5 tonn. Dette er ein auke på 10,3 tonn frå 2004.Tana og Namsen kom på ein delt andreplass. Per Westerlund (bildet) tok den største laksen i Gaula i 2005. Den vog 20,8 kilo. (Les meir på Fiskeguidens spesialsider).
Det vart eit auka laksefiske i elvane i 2005, meldar Statistisk Sentralbyrå. Førebelse tal viser ein fangst på 507 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 2005. Det er om lag 100 tonn meir enn i 2004, men vel 70 tonn mindre enn i 2003.

Fangsten var fordelt på 414 tonn laks og 93 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før var det ein auke på 30 prosent for laks og 4 prosent for dei to andre fiskeslaga.

Gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 3,3 kilo i 2004 til 2,8 kilo i 2005. 45 prosent av laksen vog under 3 kg, 29 prosent mellom 3 og 7 kg og 26 prosent over 7 kg. Tala for 2004 var høvesvis 33, 39 og 28 prosent.

Gaulavassdraget var det viktigaste vassdraget i 2005, med ein fangst på 37,5 tonn. Dette er ein auke på 10,3 tonn frå 2004. Sidan det fortsatt kan mangle nokre fangstoppgåver, må Namsenvassdraget (34,1 tonn) og Tana med bielvar (33,8 tonn) seiast å dele andreplassen. Deretter følgjer Orkla og Altaelva. Den berekna fangsten i Tana er 52 tonn mindre enn i 2003.

Reknar ein per fylke, kjem Finnmark og Sør-Trøndelag ut med størst fangst også i 2005. Til saman blei 35 prosent av elvefangsten teke i desse fylka. Fangsten i Sør-Trøndelag auka med 49 prosent. Dette kan ha samanheng med at organisasjonen " Elvene rundt Trondheimsfjorden" har kjøpt opp ein del kilenotrettar frå sjølaksefiskarane som eit ledd i å auke oppgangen av villaks i elvane.

<< Tilbake Skriv ut Up





| Hoved side | Ledersiden | Nyheter list | Søke i vassdrag | Gode råd | Repotasjer | Fluetips | Vi hjelper deg | Fiske videoer |
Fiskereiser | Shop | Tips oss | AnnonseInfo | Gode fiskelinker | Rakefisk Magasin | fiskeravgiften | 1 bruker |
Web Site Design © CopyRight 2006 Datatid.no All rights reserved
Ansvarlig redaktør Eivind Fossheim, tel +4791139552, E-post, Norsk Fiskesenter AS